Frå Sundstugu til Løvebakken

Tidlegare stortingsrepresentant Syver Berge vil fortelje frå si tid på Stortinget under Kveldsseto.

Sundstugu: Frå Sundstugu til Løvebakken er tittelen på Kveldsseto i Jutulheimen onsdag kveld, når Syver Berge (til venstre) skal fortelje om si tid på Stortinget. Her saman med tvillingbror Tor Berge ved peisen i Sundstugu som står i Jutulheimen.   Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

Onsdag 11. april inviterer Vågå historielag til ei ny kveldsseto i Jutulheimen.

Denne kvelden vil tidlegare stortingsrepresentant Syver Berge  fortelje frå si tid i politikken.

Berge vart innvald på Stortinget i 1989 og sat to perioder som representant frå Senterpartiet.

Syver Berge er fødd på garden Sunde i Vågå. Sundstugu som i dag står i Jutulheimen, er frå heimgarden hans.

Historielaget vil denne kvelden også ha ein gjennomgang av alle stortingsmenn frå Vågå frå 1814 til 2018.