Svakt høyrer eg knepp knepp gjennom soveposen. Usikker på om det er draum eller verkelegheit. Vaknar meir til liv. Jau, tiuren er her i dag òg. Ligg og høyrer på at spelet tek seg meir og meir opp.

Det er ennå mørkt. Stivt vrir eg meg ut av soveposen og kiker ut. At ein framleis driv med dette etter fylte femti kan ein lure på. Men ennå er jeg like spent som fyrste leiknatta for 38 år sidan.

Ser kun konturen av tiuren på toppen av haugen. Det er berre å vente på fotoljos. Raudstrupas lyse song blandar seg med tiurens kraftige knepp. Raudstrupa blir kalla tiurens vekkarklokke. Usikkert kven som er tidlegast oppe, men B-fuglar er dei på ingen måte.

Alt blir plutseleg heilt stile. Så mange fuglevenger i lufta. Kan eg ha skremt dei. Nei. Trur ikkje det. Får vente å sjå. Ein time går og det er framleis like stilt. Det lysnar og leiken ligg tom. Det skal vera starten av høneveka så gamletiuren er ikkje så lettskremt. Jau, der landar han bak haugen og tek nokre forsiktige knepp. Leiken byggjer seg opp og ei røy landar på leiken for så å reise att. Dette skjer tre gonger. Eg forstår ingen ting. Han samla sju røyer sist morgon. Nå er det ingen røyer på leiken. Gamletiuren er heilt aleine på leiken. Ingen ungtiurar som prøver seg på reviret heller.

Gamletiuren held fram spelet til sola står opp, og utover morgonen. Nå kjem han heilt oppå haugen og da ser eg problemet. Han har mista halve stjerten. Har han også mista draget på damene?

Neste morgen skjer det same. Røyene er så vidt nedom leiken for så å fly att. Tredje morgonen er han heilt aleine.

Dette blir kjedeleg. Eg set opp eit viltkamera og leitar etter hovudleiken. Finn leiksport lenger inni skogen. Legg meg til ei natt. Her er rivalen som var innom «hovudleiken». Ser ut som han har overteke leiarskapen. Det er tre røyer rundt han. Samstundes er det slutten av høneveka.

Nå nærmar det seg leiktid att. Eg er spent på om tiurane har overlevd eit år. Også spent på om hovudtiuren som mista stjerten har fått ny.

Ny vår, nye moglegheiter. Framleis like spent.