Det var start i tre klasser og distanser; 80, 120 og 200 kilometer. 16 hundespann la ut på den lengste distansen.

Jotunheimløpet starta opp sist på 1970-talet, eller tidleg 80-talet, men har altså hatt eit opphald til i år.

Løpsleiar Helge Holshagen fortel at Jotunheimen hunderkjørarlag vart stifta i 1981, og da hadde det vore arrangert eitt hundeløp før dei tok over.

Jotunheimen hundekjørarlag prøvde å starte opp att Jotunheimløpet i fjor, men måtte avlyse då føret forsvann. Holshagen fortel at det da var heile 70  påmelde.

– Vi vil prøve å gjera Jotunheimløpet til eit årleg arrangement. Det er viktig med tilbod om eit hundeløp om våren i fine fjell, sa Helge Holshagen etter at starten av den fyrste pulja var over på Bessheim fredag ettermiddag.

Han fortel at dei ikkje har noko mål om å bli eit stort hundeløp, men at ein har plass til 80-90 hundespann.