Det vart meldt frå til politiet da personar som fredag morgon skulle gå frå Bessheim til Glitterheim, ikkje var framkomne om kvelden.

Luftambulansen tok turen frå Dombås og fann skiløparane ved Russvatnet ved halv eitt-tida natt til laurdag.

Personane fekk helikopterskyss til Glitterheim. Dei var i god behald.