- Vi trur dette kan ha potensiale til å bli eit særmerkt produkt som vil understreke mat- og drikkekulturen i regionen, seier nyvalt president Simen Bjørgen i ei pressemelding.

Sentralt i arbeidet med å laga akevitten blir eit samarbeid med Sve gard som kan bidra med lokale råvarer, det som blir rekna som landets best eigna brenneri og høg kompetanse.

Bjørgen fortel at dei er svært interessert i å koma i kontakt med andre produsentar av lokal mat og drikke, for å finne fram til kombinasjonar av lokal produkt som kan vere særmerkte for mat- og drikkekulturen i vår region.

– Dette gjeld lokale produsentar av både mat og drikke understrekar Bjørgen.

Vidare er ein nå på jakt etter folk i Ottadalen som har eldre oppskrifter med krydder og urter som kan være spesielle for vårt område.

- Vi skal lage noko som er ekte, eigenarta og heilt unikt for vår region, seier Simen Bjørgen, som oppmodar folk som sit med idear eller tankar om å ta kontakt.

Går alt etter planen vil det nye produktet vera i Vinmonopolets hyller ein gong på nyåret 2019.

Ingen tvil om kva hovudsmaken på dette produktet vil bli. Foto: Privat