Uskadd etter snøras

Ein person vart teke av snøras på søraustsida av Geite i Leirdalen fredag ettermiddag.
Nyheiter

Vedkomande, ein mann i 50-åra, kom seg ut av raset på eiga hand – og er uskadd.

Politiet fekk melding om raset klokka 13.47. Da hadde mannen kome seg til Leirvassbu.

– Raset var om lag 50 x 100 meter. Mannen som vart teke av raset er heilt sikker på at han var åleine i området, opplyser operasjonsleiar ved Innlandet politikammer.

Politiet oppmodar folk som ferdast i fjellet om å vera særs forsiktige. Det er høg skredfare i Jotunheimen.