Skal fortelje om forfattarskapet sitt

Laurdag 7. april inviterer Mållaget Ivar Kleiven til nytt dugurdsmøte på Frivilligsentralen i Vågåmo.

Bårstad-forfattar: Under dugurdsmøtet i mållaget laurdag vil Terje Kleiven fortelje om forfattarskapet sitt. Ei av dei seks bøkene hans var om historia til Bårstad. Den gamle klebermølla er i dag rive.   Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Denne dagen kjem Terje Kleiven frå Lalm for å fortelje om forfattarskapet sitt.

Han er tidlegare bygningsarbeidar og politikar. Han er og har vore aktiv innan idrett og ikkje minst klatring.

Terje Kleiven har skrive seks bøker.

Fyrste boka hans var «Draumen om Gongga Shan» i 2004.

I 2007 kom skieventyret om Sjårdalstrioen og Heidalstrioen, og to år seinare historia om Heitkøtter-brørne.

I 2013 kom boka om klebereventyret på Bårstad og Sagflaten, og i 2016 historia til Eidefoss.

Siste boka kom sist haust. Anton Rynen - offiser i strid og fangenskap. Ei bok som var basert på dagboka Ryen skreiv under krigen.

Til dugurd serverer mållaget vårsuppe, kaffe og noko attåt.