Fredag går startskotet for Jotunheimløpet. Det er 20 år sidan løpet vart arrangert sist.

Sledehundløpet har start og mål på Bessheim i Sjodalen. Løpet har tre distansar, frå åtte mil til 20 mil.

Den lengste løypa går opp og over Valdresflya, inn på Jotunheimvegen og forbi Haugseter, ned på Nedre Heimdalsvatnet, følgjer vegen ned til Åkremoen mot Sikkilsdalen, svingar av og over Flekkvatnet, gjennom Griningsdalen og ned til Sjodalen hyttetun der det er fem timar obligatorisk kvile. Etter kvilen går turen til Sjugurdsjøen, over Refjellet og inn Sikkilsdalen og over til Bessheim. Her er det frivillig kvile, før turen går over Valdresflya og ned på Bygdin, vidare vestover, svingar opp Høystakka og følgjer Veslådalen ned på Gjende og til mål på Bessheim.

Dei beste er venta i mål frå klokka tolv laurdag.

Sledehundløpet er eit samarbeid mellom Bessheim og Jotunheimen hundekjørarlag.