Året før, i 2016, vart overskotet på 280.00 kroner.

Coop Ottadalen hadde i 2017 ein omsetnad på vel 167 millionar kroner, som er ein auke på 11,75 prosent i høve året før.

– Det er fleire årsaker til auken i omsetnad og det gode resultatet. Omprofileringa til Extra i Lom gav oss utruleg mange nye kundar. I tillegg kan det nemnast at Power Vågå, som i 2017 starta opp med sal av kjøken, fekk ein solid auke i omsetnaden. Kvar enkelt butikk har drive rasjonelt og hatt god kostnadskontroll, det er òg ein del av forklaringa på det gode resultatet, oppsummerer dagleg leiar Rune Fossmo.

– Godt nøgd?

– Svært tilfreds, svarar Fossmo, som nyttar høvet til å takke dei tilsette for den gode innsatsen dei har lagt for dagen.