Kveld med Kulturminnefondet

Simen Bjørgen i Kulturminnefondet reiser landet rundt med føredrag om kulturminne. Etter påske kjem han til Lom.

Kalven seter: Simen Bjørgen startar alle sine føredrag med historia om Kalven seter i Vågå. Her saman med eigarane Øistein Formo og Anne-Mari Sandvær.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Torsdag 5. april kjem direktør Simen Bjørgen i Kulturminnefondet til Fossberg Hotell i Lom for å halde føredraget «Landet rundt med kulturminne».

Det er Lom Heimbygdslag som er arrangør for kvelden.

Kulturminnefondet har dei siste åra bidrege til at over fire tusen eigarar har fått sett i stand kulturminna sine over heile landet.

Simen Bjørgen vil fortelje om det store mangfaldet av kulturminne som er redda, der vidareføring eller ny bruk står sentralt.

Kulturminnefondet som har hovudsete på Røros, feira nyleg 15 års jubileum.

– Alle som kjem til Fossberg denne kvelden vil få eit eksemplar av jubileumsboka som vart lansert på Røros den 8. mars, seier Simen Bjørgen.

Han set stor pris på å få koma til heimtraktene for å halde føredrag.

– Det er interessant å sjå breidda og mangfaldet av kulturminne, seier Bjørgen.