Etter det Fjuken erfarer vil installasjonsfirmaet Ottadalen Installasjon AS fredag bli slegen konkurs. Firmaet har avdelingar i alle tre ottadalskommunane og har til saman 35 tilsette.

Mykje tyder på at firmaet har hatt likviditetsproblem ei tid, og da det ikkje har lykkast å skaffe friske investorkroner går firmaet altså konkurs.

Fjuken kjenner til at det tysdag kveld vart gjort forsøk på å endre vedtektene for selskapet slik at nye investorar kunne koma inn, men at det ikkje lykkast å få eit fleirtal med seg på dette.

– Vi har høyrt at det går mot ein konkurs i firmaet, kan du stadfeste det og har du elles ein kommentar, spør vi styreleiar Ola Hovde onsdag kveld.

– Du er godt informert skjønar eg, men eg har dessverre ingen kommentar til noko som helst nå i kveld, du får koma attende i morgon, svarar styreleiaren.