Skjåk Energi er 100 år neste år. I den samanheng ynskjer verksemda å montere eit nytt skilt. I ein søknad til Skjåk kommune syner Skjåk Energi fram korleis dei ser føre seg at skiltet skal vera: 9,5 meter langt og 0,9 meter høgt, med svart bakplate.

Skjåk Kraftverk, seinare Skjåk Energi KF, vart stifta i juni 1919. Skjåk Energi skal i løpet av inneverande år gje ut ei bok om historia til everket – frå etableringa og fram til i dag.