Nå kjem skattemeldinga

Har du betalt for lite eller for mykje i skatt i 2017? Onsdag får du svaret. Da kjem skattemeldinga.

Restskatt eller pengar til gode? Onsdag 4. april kjem skattemeldinga (tidlegare sjølvmeldinga) frå Skatteetaten. Da får du svaret.  Foto: Skatteetaten

Nyheiter

I april får alle som mottek løn, pensjon eller uføretrygd ei skattemelding frå Skatteetaten. Dette er ei oversikt over inntekta di, frådrag, formue og gjeld. For å vera sikker på at du ikkje betaler for mykje i skatt, må du sjekke at opplysningane i skattemeldinga stemmer.

Hugs at det er du sjølv som har ansvaret for å kontrollere at alle opplysningane stemmer.

Skattemeldinga blir tilgjengeleg elektronisk onsdag 4. april, på altinn og på Skatteetaten sine heimesider. Same dag startar Skatteetaten utsendinga av skattemeldinga på papir for dei som ikkje har elektronisk tilgang.

Fristen for å endre skattemeldinga er 30. april for privatpersonar. For næringsdrivande er fristen 31. mai.

Det fyrste skatteoppgjeret er klart rundt 20. juni, og skattepengane er normalt på konto seinast to veker etter at oppgjeret er klart. Om du ikkje får skatteoppgjeret i juni, får du det i løpet av sommaren eller hausten.