Spektakulære påskeplaneter

Påska bør nyttast til å oppleve Mars og Jupiter på himmelen.

Planetar: Slik vil ein kunne sjå planetane på morgonen den 2. april. Mars og ringplaneten Saturn, kjempeplaneten Jupiter og ein nesten full måne   Foto: Illustrasjon: Sannes & Ødegaard

Nyheiter

Det er astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard og science fiction-forfattar og vitenformidlar Anne Mette Sannes som oppfordrar til dette.

Måndag 2. april, 2. påskedag, er det duka for ei flott og spektakulær planetsamstilling.

Da vil nemleg Mars og ringplaneten Saturn stå tett saman i sydaust på morgonhimmelen og vil bli eit vakkert skue frå dei båe kjem opp i 03-tida og fram til morgongry.

Dei to planetane vil kunne sjåast som to relativt ljossterke, stjerneforma prikkar, men i små kikkertar er det mogleg å sjå at Mars er ei planetskive, samt å sjå ringane rundt Saturn. Også tysdag morgon vil dei to stå tett saman.

Mars vil dei kommande vekene og månadene auke i ljosstyrke etter kvart som planeten kjem stadig nærare Jorda, og i slutten av juli er den raude planet usedvanleg nære.

Merk spesielt datoene 27. juli da Mars står rett under ein totalt formørka måne og 31. juli da Mars er aller nærmast Jorda.