Ung i Ottadalen

Skal ta over garden til bestefar

Knut Inge Eide har aldri vore i tvil om framtida si. Han vil bli gardbrukar.

Skal bli gardbrukar: Knut Inge Eide i Skjåk skal ta over garden til bestefar sin i Garmo etter kvart. Når han er ferdig på ungdomsskulen tek han til på landbruksskule i Aurland i Sogn og Fjordane. Knut Inge gler seg til eit liv som gardbrukar.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

15 år gamle Knut Inge Eide frå Bråtå, går i 9. klasse på Skjåk ungdomsskule.

Han ser fram til å bli ferdig med ungdomsskulen, og kunne ta til på økologisk landbruksskule i Aurland.

Kva er mest spennande med Skjåk?

– Naturen og den fine plassen. At alle kjenner alle er også bra.

Kva manglar Skjåk?

– Butikken A-K maskiner, og fleire traktorverkstader.

Kva brukar du mest tid på?

– Når eg ikkje er på skulen er eg stort sett heime der eg hjelper til med ulike ting både inne og ute. Eg trivst med å sysle med eitkvart, framfor å berre sitja roleg.

Frå kva alder definerast ein person som «gamal»?

– Nå datt alderen 68 år ned i hovudet mitt av ein eller annan grunn. Eg er ikkje heilt sikker, men det er vel fordi ein da er pensjonist, kanskje. Og da er ein gamal, tykkjer eg.

Kva vil du bli?

– Gardbrukar. Det er difor eg vil gå landbruksskule når eg er ferdig på ungdomsskulen. Eg har ein draum om å drive eigen gard.

Kva er det beste med å vera ung?

– At ein har mykje fritid, og slepp å jobbe så mykje. Du står mykje fritt til å gjera det du vil.

Kva er det verste med å vera ung?

– At foreldra bestemmer ein del over deg ennå. Og det at du ikkje er gamal nok til å reise på skikkelege festar der det er 18-årsgrense.

Kva er du redd?

– Eg veit ikkje om det er noko eg er redd for, eigentleg. Eg trur ikkje det. Sjølv om eg ikkje likar edderkoppar er eg ikkje direkte redd dei.

Kva engasjerer deg?

– Landbrukspolitikk. Eg er særleg oppteken av dette med ulv. Eg meiner vi må bli kvitt ulven, sidan ulven er ein stor fare for sauebøndene.

Kva må til for at unge skal lese meir papiravis?

– Det må stå litt meir i avisa som er fengande for ungdomen, slik som artiklar om dataspel, kulturarrangement, og andre ting retta mot ungdom.

Blir du verande i Skjåk?

– Nei, dessverre. Eg skal overta garden til bestefar min i Garmo, og det gler eg meg til. Sjølv om eg ikkje blir buande i Skjåk, blir eg nå verande i Ottadalen da.

Kva er favorittappen på mobiltelefonen din?

– Snapchat, noko eg brukar alt for mykje. Eg snappar ofte, og har mange eg fylgjer.

Kva forhold har du til Facebook?

– Eg er ofte på Facebook. Alt for ofte der óg. Både Facebook og Snapchat er ein tidstjuv. Eg legg ikkje ut noko sjølv på Facebook, men eg ser på og kommenterer det andre legg ut. Eg hadde nok greidd meg utan Facebook. Da er det nok verre med Snapchat. Den er eg avhengig av.

Kva gjer deg trist?

– Når personar eg kjenner døyr.

Om du fekk vera ordførar ei veke, kva ville du gjere da?

– Da ville eg prøvd å gjere det så godt som over hovudet mogleg for gardbrukarane i bygda, og støtta dei. Særleg dei mindre gardane.

Korleis er dagens ungdom samanlikna med ungdomstida til foreldra dine?

– Vi er meir usosiale på grunn av mobilen. Mobilen øydelegg ein del, og det gjer data også.

Kva er din største draum?

– Å bli gardbrukar og drive stort.

Kor ofte sjekkar du mobiltelefonen?

– Oi, det er ofte det. Eg sjekkar telefonen mange gongar i timen. Det har eigentleg vorte ein stygg uvane.

Tre ord om deg sjølv?

– Blyg, glad og artig.

Kva gjer du om 10 år?

– Da er eg truleg gardbrukar på Hidem i Garmo, garden til bestefar min. Det er det eg håpar i alle fall.

Kva er det viktigaste i livet?

– Vener og familie.

Kva skal du gjere i påska?

– Eg har eigentleg ingen planar, men vil heller ta det som det kjem. Det einaste eg veit er at det ikkje blir skitur, for eg har aldri likt å gå på ski. Men det er mykje anna å finne på enn å gå på ski.