Laurdag kveld vart to overstadig rusa personar i 30-åra frå Stryn henta av politiet på Grotli Høgfjellshotell.
I tillegg til at dei var rusa, hadde dei også gjort skadeverk.
Betjeninga på hotellet måtte ta hand om dei to rusa gjestane, inntil politiet kom på staden.
Dei to var køyrt over fjellet og overlevert politiet i Stryn.
I følgje operasjonsleiar i Innlandet politidistrikt vil det bli oppretta sak på dei to stryningane.