Bukkeritt på Bessheim

Vesle Kari fekk sitje på ryggen til reinsbukken Iver på Bessheim påskeeftan.
Nyheiter

Reinsbukkane Iver og Nils er kanskje dei mest kjente reinane her i landet. Saman med reingjetarane Ola Vaagaasarøygard og Jørn Slettom var dei å sjå på fjernsynet tidlegare i vinter i serien «Gjetar i Jotunheimen».

Ola og Jørn kombinerer jobben som reingjetarar med turisme og driv selskapet Jotunheimen Rein.

Langfredag var reinsbukkane og gjetarane på Sota i Skjåk der ungane stod i kø for å køyre ei runde med rein og slede.

Påskeeftan var dei på Bessheim i Sjodalen der både små og store fekk ei lita runde med rein på isen på Øvre Sjodalsvatnet.

Blant dei mange som ville helse på reinane Iver og Nils var Kari Ymbjørgøyen Sjurgard på halvanna år.

Kari fekk til og med sitje på ryggen til reinsbukken Iver. Nærare kjem ein ikkje bukkerittet over Besseggen i dag.