Denne appen kan redde 20 liv i året

Ein norskutvikla app kan nå fortelje 113-sentralen nøyaktig kvar du er når du ringer 113 frå appen. Posisjonen din blir sendt automatisk og kan redde minst 20 liv i året.

Hjelp 113 Du kan ringe direkte til 113 og 110 via appen. Da blir posisjonen din sendt automatisk til naudsentralen. Appen er gratis.   Foto: Stiftelsen Norsk Luftambulanse

Nyheiter

- Dette er viktig for heile befolkninga i Noreg. Går du på tur i skogen, på fjellet eller køyrer bil veit du som regel ikkje nøyaktig kvar du er. Og i ein stressa situasjon der du må ringe etter hjelp, blir det enda vanskelegare. Denne appen vil gje ein auka tryggleik for alle som ferdast ute, seier generalsekretær Hans Morten Lossius i Stiftelsen Norsk Luftambulanse i ei pressemelding frå NTB Info.

Den ideelle organisasjonen har sjølv utvikla appen «Hjelp 113», og allereie har over 850.000 lasta den ned. Dei som har den eldre versjonen av appen treng berre å oppdatere den og legge inn telefonnummeret sitt for at posisjonen blir sendt automatisk til 113-sentralen når du ringer fra appen.

- I tillegg til å gje tryggleik til befolkninga er den svært viktig for å få hjelpa ut raskt og til rett stad, blant anna for luftambulansen og ambulansen. Dagleg ringer folk 113 utan å kunne oppgje kvar dei er, og det er frustrerende, seier sjukepleiar Thomas Christensen som arbeider ved 113-sentralen i Oslo.

- Vi har hatt mange situasjonar der det står mellom liv og død, og vi ikkje veit kvar innringar er. Samstundes som vi skal rettleie i førstehjelp på staden, må vi også freiste å finne ut kvar vedkommande er. Å få hjelpa raskt fram er det som til sjuande og sist ofte er avgjørande for om pasienten overlever, seier Christensen.

Oppdateringa av appen er eit samarbeid med Helsedirektoratet. Dei oppfordrar alle til å ha denne appen på smarttelefonen sin.

- Vi kan faktisk redde opptil 20 liv kvart år dersom folk byrjar å ringe 113 fra denne appen. Dersom vi kan spare 30 sekunder i samtalen med innringar ved ein hjartestans kan det bety forskjellen på liv og død, seier seniorrådgjevar Bjørn Jamtli i Helsedirektoratet.

Applikasjonen Hjelp 113 blir utvikla heile tida og ein rår til å sette på automatisk oppdatering av apper på telefonen. Naudnummeret til brann - 110, er også med i appen, og naudnummeret til politi - 112, kjem i appen i løpet av 2018.