Frå Vegtrafikksentralen får Fjuken opplyst at det har gått eit lite snøskred, og at riksveg 15 er stengt på grunn av oppryddingsarbeid.

Raset gjekk på vestsida av Byrbergtunnelen ved 15-tida. Ingen køyrety eller personar vart tekne av raset som gjekk over riksvegen.

Det har danna seg lange køar på staden. I fylgje Vegtrafikksentralen blir riksvegen halde stengt ved rasområdet til oppryddingsarbeidet er ferdig. I fylgje vakthavande på Vegtrafikksentralen er det uvisst kor lang tid dette vil ta.

Politiet i Innlandet ber trafikantane om å vera aktsame og ikkje setja andre i fare ved å snu i vegbana.

Alternativ køyrerute er skilta.