Klokka 02.00 natt til sundag 25. mars er det slutt på vintertida. Da startar sommartida, og klokka skal stillast ein time fram, frå klokka 02.00 til 03.00.

Ver merksam på at på dei fleste mobiltelefonar og datamaskinar stiller klokka seg sjølv.

Hugseregelen for stilling av klokka er at ein heile tida skal stille ho mot sommaren. Altså stiller vi klokka ein time fram om våren sidan vi da ser fram mot sommaren, og ein time attende om hausten sidan vi da ser attende på sommaren.

Neste gong vi skal stille klokka er natt til sundag 28. oktober. Da er det vintertid att...