Barnehagesituasjonen i Skjåk vil resultere i at somme småbarnsforeldre, frå i haust, må køyre og hente ungane sine i to ulike barnehagar, i Bismo og i Holemork.

Ulike behov

I eit brev til Skjåk kommune, som tre foreldrepar har skrive under på, karakteriserer dei situasjonen som svært uheldig og lite praktisk både for dei sjølve som unge fulltidsarbeidande småbarnsforeldre – og for borna.

– Kvifor er det ikkje teke tak i denne situasjonen tidlegare? Tilgang til ynskt barnehageplass for sysken er ikkje berre av stor betydning for oss og borna våre, men også for kommunen når det gjeld attraktivitet, tilflytting og trivsel. Skjåk har ein stor geografi, og småbarnsforeldre med ulike behov. Ein føresetnad for tilflytting og befolkingsvekst i Skjåk er at foreldre får tilgang til barnehageplass der dei har behov for det, som i vårt tilfelle er Bismo, skriv dei tre foreldrepara.

I brevet peikar dei på at situasjonen med høgt antal born- og syskenpar som ynskjer seg barnehageplass i Bismo i utgangspunktet er ei positiv problemstilling for Skjåk kommune.

Hektisk kvardag

– Kvardagen med små born er hektisk. At sysken får plass i same barnehage har stor verdi for oss med fleire born. Å berre skulle levere og hente barn i ein barnehage vil spare familien for mykje tid kvar veke og gjera situasjonen meir praktisk gjennomførbar, men det vil òg bety større tryggleik for syskena som vil ha kvarandre i nærleiken, skriv foreldrepara, som avsluttar brevet med å uttrykkje håp om at innspelet vil skape politisk refleksjon, debatt og positiv handlekraft.

– Vi arbeider med saka

Unnvald Bakke, kommunalsjef for oppvekst og utdanning i Skjåk kommune, peikar på at alle ungar som har rett på barnehageplass i Skjåk kommune har fått.

– Men somme sysken har ikkje fått plass i same barnehage. Det er uheldig, det er eg heilt samd med brevskrivarane i. Vi arbeider med saka nå, ser om vi det er mogleg å finne gode løysingar. Dersom vi ikkje greier det i år, er det i alle fall viktig å greie det på sikt, for dette er truleg ei utfordring vi også vil møte i åra framover, seier Bakke.