Fredag klokka 07.02 kunne Statens vegvesen melde om at fylkesveg 51 over Valdresflye er open for trafikk.

Fjellovergangen mellom Nord-Gudbrandsdal og Valdres har vore vinterstengd sidan 21. desember.

Sjølv om Valdresflye nå er opna, vil vegen vera nattestengd mellom klokka 20.00 og 08.00 ei tid framover.

Statens vegvesen opplyser at det stort sett er snø- og isdekke over Valdresflye. Klokka 05.30 var det ti minusgrader, nord-vestlig lett bris og lettskya.