av Elin H. Jorstad

Oppland Røde Kors

På NVEs nettside, varsom.no, finner du alltid oppdaterte skredvarslar og anbefalingar.

Påska står for døra, og fjellheimen rundt Ottadalen kan vente seg storinnrykk av påsketuristar. Sola tek til å varme, og snøen ligg der fristande for frikøyring. I følgje Røde Kors sin Beredskapsrapport for 2016 er det ein stadig auke i antall søk- og redningsoppdrag. Ein stor del av auken skuldast ifølgje rapporten auka tilstrømning av turistar til kjende fjellområde, og meir ekstrem bruk av fjellet.

– Vi ser ein mykje større bruk av fjellski og randonee, og mange oppsøkjer skredutsett terreng. Det er i utgangspunktet svært positivt at folk brukar fjellet både sommar og vinter. Det gjeld berre å vera godt førebudd og ta nokre forholdsreglar, seier Nordal.

– Unngå terreng brattare enn 30 grader

Dei aller fleste skred som råkar skiløparar er såkalla flakskred. Flakskred løsnar fyrst og fremst i snøtunge lesider med 30-60 graders helling. Dei løsnar anten av seg sjølv eller på grunn av ytre påverknad som frå ein skiløpar.

– Den beste måten å unngå å bli teken av skred på, er å unngå område der ein kan utløyse skred eller der skred kan gå over der ein ferdast. Unngå derfor terreng brattare enn 30 grader og bekkedalar. Bekkedalar gjev god le for vinden og samlar snøen effektivt. Går det skred i slike område kan ein bli fanga i ei terrengfelle utan fluktmoglegheiter, seier hjelpekorpsleiaren.

Seks gode tips for å unngå snøskred:

1. Les snøskredvarselet for ditt område. Set deg inn i kva dei ulike faregradene og skredproblema vil bety for din ferdsel i skredterreng.

2. Planlegg turen din heime – legg opp til tur etter vêr- og snøforhold, og etter turgruppas erfarings- og kunnskapsnivå. Sjekk vêrmeldinga.

3. Følg med på dei fareteikna naturen gjev deg: ferske skred, sprekkar i snøoverflata, drønn fra snødekket ved belastning.

4. Ha gode ferdselsrutinar. Gå i skredutsette område éin og éin eller hald god avstand til kvarandre. Stopp/vent kun på trygge stoppestader, stader der du ikkje kan løyse ut skred og der du ikkje kan bli teken av skred ovanfrå.

5. Ver i stand til å kjenne att skredutsett terreng. Kvar kan det gå skred, og kor langt kan skredet gå?

6. Gjer alltid gjennomtenkte vegval, still deg sjølv spørsmålet "kvifor går eg her"?

Nyt vinterfjellet - men planlegg turen godt

Det er særleg skredfare ved:

  • Mykje snø og vind dei siste to-tre dagane.

  • Brot og lyder i snødekket (drønn).

  • Ferske skred i nærleiken.

  • Plutseleg mildvêr.

  • Kuldeperiodar etterfulgt av nedbør i form av snø. Streng kulde skapar rimlag på snøens overflate, som sjølv små mengder snø kan skli på.

  • Dei fleste ulykkesskreda i fjellet skjer når det er turr snø som har vorte vindtransportert.

Viss einkvan blir teken av skred i fjellet:

  • Vurder fyrst om det kan gå nye skred.

  • Merk deg staden kor folk sist vart sett. Benytt dette som utgangspunkt for kor du vel å starte søket.

  • Set i gang leiting øyeblikkelig.

  • Beveg deg hurtig over skredet og sjå om det stikk fram utstyr som kan vera skredteke.

  • Stikk søkestonga/skistaven langt ned i snøen der det er mest sannsynleg å finne nokon.

  • Elektronisk sendar-/mottakar-utstyr, spade og søkestong er dei mest effektive hjelpemidla for kameratredning. Lær deg å bruke utstyret. Ta eit kurs hjå godkjende kursarrangørar eller øv med erfarne før turen.

  • Det er viktig å varsle den organiserte redningstenesta raskt ved å ringe 112. Det kan ta fleire timar før redningstenesta når fram til ulykkesstaden.

  • Etter 15 minutter er sjansen for å overleve dramatisk redusert. Derfor er det svært viktig at kameratredning blir gjennomført, så lenge det er trygt å bevege seg i området.

  • Flest mogleg må bli att i skredområdet for å leite i oppstartsfasen.

Viss du sjølv blir teken av skred:

  • Prøv å koma deg unna ved å skli på skrått ut av skredet.

  • Klarar du ikkje å koma deg unna, prøv å bli kvitt ski og stavar. Dei vil trekke deg ned i skredet.

  • Prøv etter beste evne å halde munnen fri for snø, og prøv om mogleg å opparbeide deg ei pustelomme i snøen ved å halde armane foran ansiktet.