Fredag fekk ekteparet Astrid Brobakken Sandbo og Finn Gjesling Sandbo overrekt tildelingsbrevet frå Kulturminnefondet.

Dei eig Riddersandbu i Vågå og har fått tildelt 500.000 kroner til restaurering av hovudhuset på garden.

Direktør i Kulturminnefondet, Simen Bjørgen, kunne under overrekkinga fredag fortelje at beløpet dei har fått er langt høgare enn snittet når det gjeld tildelingar frå fondet.

– Riddersandbu er eit viktig kulturminne for heile Gudbrandsdalen, slo Bjørgen fast.

Kulturminnefondet vurderer hovudbygningen på garden som eit verdifullt kulturminne med høg aldersverdi og eit viktig element i tunstrukturen. Hovudbygningen er frå 1700-talet.

Tilskotet skal brukast på drenering, muring, oppjekking av bygningen, utskifting av roteskadd tømmer, botnstokkar og reparasjon av himling og golv.

– Dette er kostbart, og det er bra å sjå at storsamfunnet vil vera med på å bidra, seier Finn Gjesling Sandbo.

Oldefar til Finn rekte slekta attende til 1177, men garden har truleg vore innan slekta også før den tid. I generasjonar har det vore jobba med restaurering av Riddersandbu, som i alt består av 25 tømmerhus, fordelt på gard og seter.

Å restaurere og setja i stand hovudhuset er kostnadsrekna til 1,9 millionar kroner, og sjølv med ein halv million kroner frå Kulturminnefondet, blir det ein stor kostnad å setja i stand att bygningen.

I tillegg til tildelinga frå Kulturminnefondet, kunne Erik Lillebråten i Norsk Kulturarv opplyse om at ekteparet Sandbo også er tildelt 30.000 kroner gjennom «Ta et tak»-aksjonen.