Fire mindre snøskred har gått i Bøverdalen. Eitt av dei heilt ned på fylkesvegen, om lag ein kilometer nord, eller vest, for Røysheim. Området blir kalla Kleivom, og er rasutsett, men da helst om sommaren med steinsprang.

Vitne fortel at det kan vera vanskeleg for større bilar å passere. Det skal ikkje vera bilar eller personar som har vorte råka av skredet.

Vegtrafikksentralen kan opplyse om at det er mannskap på veg for å rydde vegen for snø.