– Dette blir eit lågterskeltilbod der absolutt alle er velkomne, seier dagleg leiar Jo-André Sperstad Fjeld på Skjåk friviljugsentral.

Fyrstkomande fredag formiddag brakar det laus med bowling på sentralen i Bismo. I fyrste omgang blir det bowling fast på formiddagen to fredagar i månaden, men om interessa blir stor er friviljugsentralen open for å utvide. Ingrid Viken, Ragnar Ramstad, Odin Hagen og Bjørn Tuva er dei fire friviljuge som vil ha ansvaret for bowlinga på friviljugsentralen.

– Er det einkvan som treng skyss, så er det berre å ta kontakt med meg seinast dagen før, så kjem ein av dei friviljuge og hentar deg, seier Jo-André Sperstad Fjeld.

For eit lite pengebeløp vil den som deltek på «fredagsbowlinga» få servert kaffi og biteti, og sjølvsagt få vera med på mykje spel og moro.

– Det blir lagspel, med to på kvart lag. Vi køyrer bowling med forenkla reglar utan komplisert poengutrekning når ein får «strike» eller «spare», og sjølvsagt blir det premiering, reklamerer den daglege leiaren på Skjåk friviljugsentral.

Bowlingutstyret som blir brukt er i full storleik, men med litt lettare vekt. Både kjeglar og kuler veg rundt to kilo.

Utstyret har vorte kjøpt inn av friviljugsentralen, mellom anna ved hjelp av sponsormidlar. Dette er utstyr som også kan lånast bort når det til dømes er barneselskap på huset.

Jo-André Sperstad Fjeld fortel at i tillegg til å tilby bowling på friviljugsentralen to fredagar i månaden, vil dei ta med seg utstyret og prøve å organisere bowling på Skjåkheimen éin gong i månaden, for å sjå om ei slik form for aktivitet er liv laga på eldreheimen.

Sperstad Fjeld og dei friviljuge håpar mange nyttar seg av det nye lågterskeltilbodet, og er spent på oppslutnaden.

– Gjennom å arrangere bowling på Skjåk friviljugsentral ynskjer vi å skape ein samlingsplass der ein ikkje berre sit roleg på ein stol, men i tillegg kan skape aktivitet for kropp og sjel, seier Sperstad Fjeld.

Han understrekar at det ikkje er speleplikt om ein møter opp ein fredag det er bowling.

– Mange er sikkert nysgjerrige på dette, og det er sjølvsagt mogleg å kome og sjå på at andre spelar, og vera med på det sosiale, oppmodar Jo-André.

Fyrste bowlingdag på sentralen er altså fyrstkomande fredag.