Det seier Eirin Brenna Holø frå Lom. Ho fyller 23 år om ei veke, og fredag 23. mars opnar ho Krossbu Turiststasjon for sesongen – som ny drivar og vertinne. Saman med faren, lomsordførar Bjarne Eiolf Holø, kjøpte ho turiststasjonen som ligg strategisk plassert i Bøverdalen, like ved fylkesveg 55, med fjell og bre på alle kantar. Krossbu vart overteke ved nyttår.

Impulsivt

Eigentleg var det sjukepleiar ho skulle bli, Eirin. Ho har gått ambulansefag, og eitt år på sjukepleia. Ho fortel at for eit år sidan hadde ho ikkje i sin villaste fantasi sett for seg at det var vertinne på Krossbu ho skulle vera denne påska og i tida framover.

– Dette var rein impuls. For nokre år sidan såg eg på Jotunheimen Fjellstue da den var til sals, men så vart det ikkje noko av. Da sa pappa at når den dagen kjem at Krossbu blir lagt ut for sal, så skulle vi handle. Da Krossbu vart annonsert i sommar, så sa eg til pappa at nå skal vi kjøpe turisthytta, seier Eirin.

Ho tykkjer det er godt å ha far med på laget og som ein støttespelar.

– Sjølv om eg reknar med at eg ikkje kjem til å sjå han så mykje på Krossbu, sidan han har den jobben han har, er eg trygg på at han kjem til å stille opp når eg treng han, seier Eirin Brenna Holø.

Sjølv om lomsjenta har erfaring med turistar gjennom å ha jobba på Raubergstulen ved foten av Galdhøpiggen, og fleire somrar i aktivitetsselskapet Aktiv i Lom, blir det noko heilt anna å skulle drive turisthytta på Krossbu, med rundt 95 sengeplassar, og i tillegg tilhøyrande campingplass om sommaren.

– Eg er glad eg har med meg tidlegare erfaringar frå der eg har jobba, men det blir utruleg spennande å skulle ha alt ansvar for både gjestar og tilsette heilt sjølv, seier Eirin.

Ja, for sjølv om Eirin den fyrste tida vil satse på dugnadshjelp av familie og vener som er svært positive og har sagt dei vil stille opp, ser ho allereie nå at ho får behov for tilsette på den travlaste tida i sesongen, om sommaren.

– Eg har allereie tilsett kokk som kjem til påske, seier Eirin.

Store sko å fylle

Eirin Brenna Holø tek over som vertinne etter dei tidlegare drivarane Torill og Kåre Vole som har drive turisthytta i over 25 år, og Eirin er klar over at det er store sko å fylle.

– Eg har noko å leva opp til, men håpar eg greier å drive staden like bra som dei har gjort, seier Eirin.

Sjølv om Krossbu ikkje opnar før nå, er det mykje som skal på plass, og Eirin har hatt nok å henge fingrane i før opning. Booking, skjenkjeprøver og administrativt arbeid er noko av det ho har drive med sidan overtakinga.

Nå gler ho seg til å opne turisthytta og ta imot påskegjestane. Ho har gjestar allereie frå fyrste natta.

– Det er bra med bestillingar for påska, og faktisk utover heile sesongen, så det lovar bra. Både norske og utanlandske gjestar har bestilt plass, seier Eirin.

Når ho opnar Krossbu fredag 23. mars, tek ho sikte på å ikkje stenge att før i september.

– Eg kan likså godt ha ope utover våren, sidan eg kjem til å vera på Krossbu likevel.

Angrar ikkje

Krossbu har mykje å by fjellfolket på, og er eit godt utgangspunkt for både lengre og stuttare turar. Turiststasjonen ligg midt i DNT sitt rutenett, mellom Jotunheimen og Breheimen.

– Eg angrar ikkje på at eg vart ved dette. Eg trur det blir bra, sjølv om det naturlegvis også blir utfordrande. Men eg er friluftsmenneske som likar å vera i fjellet, og eg likar å vera i kontakt med folk, og da er det jo eit perfekt utgangspunkt å drive på Krossbu som i tillegg ligg midt i smørauga, smiler den nye vertinna på den tradisjonsrike turisthytta i Bøverdalen.

Ho ynskjer alle, både bygdefolk og andre, velkomne til fjells og til Krossbu.

Eirin som snart fyller 23 år er klar for å ta imot gjestar på Krossbu gjennom sesongen. –Dette blir spennande og utfordrande, men eg gler meg utruleg til å kome i gang, seier den nye vertinna. Foto: Privat