av Turid Eiesar

Helsearbeidar og aleinemor

Nesten fire år som turnusarbeidende aleinemamma på heiltid, i kombinasjon med maurinvasjon i huset, ymse biltrøbbel, husrenovering, ein kropp som ikkje funkar skikkeleg, og eit sant mareritt med logistikk, har gjort sitt med mamsen som alltid «klara sjøl», og som skulle yte max på alle felt og bidra overalt.

Brølemonstermamma dukka opp oftare og oftare, og dei siste månadene kom ho innom Bråtåvegen 59 nesten oftare enn den ganske så mykje hyggelegare smile/morosam/glad-mamma!

Mamsen møtte veggen.

Så ein dag kom telefonen frå barnevernet. Bekymringsmelding. Skummelt?! Javisst, men berre med det same!

Endeleg nokon som ser. Nokon som tek tak. Nokon som vil hjelpe!

Mitt fyrste møte med barnevernet var til å byrje med litt «ekkelt», men eg skjønte raskt at damene der på ingen måte var ute etter å TA meg. Dei såg den slitne mamsen, og det var tydeleg at dei såg kvar skoa trykte!

Dei såg oss!

Eg slapp å be om hjelp (noko eg absolutt burde bli flinkare til å gjere), for dei kom raskt med forslag om hjelpetiltak!

Da ungane vart utrygge fordi dei, som alle andre, berre høyrer negative ting om det fæle barnevernet, dukka dei opp og prata med ungane om det, og trygga på at dei ikkje skal TA nokon, men HJELPE oss alle!

Nå har dette fæle barnevernet funne to gode besøksheimar, der ungane skal få vere med jamne mellomrom, helst når eg arbeider helg, men i blant berre for at eg skal kunne ta heilt fri for å lade batteri, så slepp eg å mase på besteforeldre, tanter og onklar kvar einaste gong! Veggen er borte, og humøret er attende! Dei fann ei ordning som ungane er superspente på, og som eg har skikkeleg tru på at vil bli bra for oss alle!

Kanskje blir dette å utlevere meg sjølv på ein feil måte, men eg blir så lei av all drit vi alltid blir fôra med om det helvetes barnevernet!! Vi må hugse at alle historier har fleire sider, og at barnevernet har teieplikt og aldri kan ytre seg om sakene i media slik at vi berre får den såra parten (foreldra) sin versjon. Sjølvsagt kan dei, som alle andre, gjere feil, men eg tvilar på at alle saker i media er heilt riktig framstilt.

Ingen vil vel vere dårlege foreldre, men alle kan kome i ein situasjon der vi blir mindre bra foreldre, og da er det heilt suverent å kunne få hjelp, sjølv om ein kanskje må svelge nokre store kamelar i prosessen!

Eg er i alle fall stortilfreds med mitt møte med («det helvetes») barnevernet!