Om du skal lykkast i livet, må du bli kjendis. Og det kvittar kva du blir kjent for, berre du blir kjent. Kjendiseri er så mykje meir enn raud løpar, limousin og champagne.

Dette er den raude tråden i årets russerevy i Lom. «Lomsrussen #tæmæ» hadde premiere i Utgard tysdag kveld, og ei nesten fullsett kulturstugu fekk gjennom 24 revynummer servert det meste ein russerevy skal innehalde. Her var det sleivspark til lokalpolitikarar og andre «sentrale» personar, kjendistolkingar, skråblikk på lokalsamfunnet, mykje god song og musikk, ein real porsjon humor, og eit snev av alvor.

Sjølv om fyrste akt inneheldt mange godbitar, der nummera «Kvikksølvgutta» og «Skjåkkheimen» var blant dei beste, var utvilsamt andre akt best. Her må vi særleg trekkje fram sketsjen «Hellstrøm rydder opp», der kjendiskokken Eyvind Hellstrøm var på besøk hjå Arne Brimi. Det baud sjølvsagt på konfliktar. Fantastiske rolletolkingar og imitasjonar i ei klasse for seg, gjorde dette til eit desidert høgdepunkt i russerevyen.

I «Lomsrussen #tæmæ» strålte dei raudkledde avgangselevane om kapp med ljoskastarane. Det er ingen tvil om at årets russekull har mange talent, og på scena verkar dei både sjølvsikre og truverdige.

Det var langt mellom dei store latterbrøla i kulturstugu, men publikum humra og skratta jamt gjennom heile framsyninga, som var svært innhaldsrik når det gjeld tema. Russen gjennomfører nok ein gong ein revy på profesjonelt nivå, der ljos og teknikk er ein stor del av heilskapen. Det faste revybandet gjennom ti år, «Dei evige russ», skal nok ein gong ha skryt for musikken. Endre Skjåk har som vanleg gjort ein god jobb som instruktør og støttespelar, og kan vera stolt av russen som nok ein gong innfrir og gjennomfører ein jamt over bra revy.

Torsdag skal Lomsrussen på scena att i Utgard. Russerevyen blir også spelt fredag og laurdag, med to framsyningar laurdag.

#tædumæ?