Saman med Trollstigen og Vøringsfossen er Gjende éin av tre store nasjonale attraksjonar i satsinga Nasjonale turistvegar. Arbeidet med opprustinga ved Gjendeosen har kome godt i gang med ny brygge og lager for Gjendebåten, og parkeringsplass på Reinsvangen som skal stå klart til sesongen 2019.

Ved årsskiftet vart driftskontrakten for parkering og sørvisbygg lyst ut som ein open tilbodskonkurranse. I overkant av 20 aktørar melde interesse i konkurransen om driftskontrakten. Da fristen gjekk ut 13. februar hadde det kome inn to gode tilbod som har vore gjennom ei grundig vurdering.

– Selskapet «Besseggen 1743» får tilbod om driftskontrakten fordi dei var best ut frå tildelingskriteria forretningsplan og driftsopplegg, seier plan- og prosessleiar for Gjendeosen i Statens vegvesen, Grete Kongshaug, i ei pressemelding.

«Besseggen 1743» består av Harald Rune Øvstedal, eigar av Gjendebåtene AS, og Tor Andvord, som eig og driv fleire serveringsstader i Vågåmo.

Samla har dei lang erfaring og god detaljkunnskap både om Gjendeosen og faga logistikk og matservering. Dei har eit breitt engasjement innan reiseliv- og servicenæringa, lang erfaring med produktutvikling og tilgang på ressursar og kompetanse i eigne bedrifter.

Selskapet trekkjer særleg fram Gjendeosen som ein terminal for store folkemengder. Dei har fokus på heile kjelda; frå planlegging av turen heime, til møtet med parkering, transport, terminaltenester, brygge og båt. Selskapet peiker også på verdien av å ikkje overbelaste naturen og produktet gjennom å kunne regulere talet på gjestar gjennom driftsopplegget sitt.

– Vi er godt nøgde med å få på plass ein avtale med drivar før alt er ferdig, og vi ser fram til å samarbeide med «Besseggen 1743» om praktiske løysingar etter kvart som vi planlegg og byggjer, seier Grete Kongshaug.

Gjende er éin av innfallsportane til Jotunheimen og ein viktig fjellterminal med tilbod om parkering, kiosk, overnatting og skyssbåt. Gjende skal gjennom arbeidet med Nasjonale turistvegar rustast opp og vidareutviklast som ein nasjonal turistattraksjon. Gjendebåten får ny brygge og lager, parkeringa på Gjendeosen blir flytta til utvida parkeringsplass med toalett på Reinsvangen, nord- og sørsida av Sjoa blir knytt saman med gangbru og Gjendeosen får nytt sørvisbygg med kafé, toalett og informasjon. Målet er at heile anlegget skal stå ferdig i 2023.

Gjende er éin av tre store nasjonale attraksjonar i satsinga Nasjonale turistvegar. Foto: Arve Danielsen