– Det er bortimot 50 arbeidsplassar i næringshagen og mange veit ikkje kva som skjer her på ysteriet, seier Tom Stadeløkken i Enøk-senteret, den siste bedrifta som har etablert seg i Vågå næringshage.

Det er Vågå næringshage i samarbeid med Nord-gudbrandsdal Næringsforening som inviterer til ope hus på ysteriet.

Stadeløkken fortel at dei som har sitt daglege virke på ysteriet ynskjer å fortelje og syne fram kva dei driv med. Det blir også kulturelle innslag og servering under opninga.

Frå høgst dag og utover ettermiddagen blir ei rekkje småseminar med ulike tema.

Stadeløkken seier at dagen er retta mot næringsaktørar, entreprenørar, kommune og private folk.