I haust skal nye Skjåk barne- og ungdomsskule i Bismo takast i bruk, og mange er opptekne av kva Marlo skule da skal brukast til.

Brev til kommunen

I eit brev til Skjåk kommune skriv Maurstad og Slapgård, som båe har vore lærarar ved Marlo skule, at dei gjerne vil gjera sitt for å skape Marlo skule om til eit kultursenter for heile bygda.

– Vi ser føre oss grupper med diverse aktivitetar innan dans: Barnedans, folkedans, magedans, linedans, bugg, sving, seniordans, gamaldans, springleik, pols og halling. Vi er båe utdanna innan desse dansetypene, skriv dei to.

Mange idear

Maurstad og Slapgård har fleire idear. Song er ein av dei. Det kan vera «å syngje på gåmålt», som dei skriv i brevet – altså å kvede – eller det kan vera allsongkveldar og songkor. Teikne- og malekurs kan det òg vera ein idè å starte med i bygget, likeeins data, teater, drama og historiekveldar med allsong. Det er mange som likar å spela eitt eller anna, så kvifor ikkje å invitere til sjakk, kurong eller andre spel – eller arrangere ein miljøklubb for ungar.

– Husflid og handverk kan vi òg ha mange kurs i, eller bakstekurs med til dømes bygdekvinnelaget, både for ungar og vaksne. Som samfunnsengasjerte, tidlegare lærarar, har vi mykje å bidra med. Vi har eit stort kontaktnett rundt i landet og i USA. I USA har vi undervist i norsk folkedans mange gonger. Elles har vi vore på Færøyane, Island, Shetland, Orknøyane og Grønland med folkedansen, skriv Maurstad og Slapgård.

Ikkje tomt og ubrukt

Ingrid Maurstad Tuko fortel til Fjuken at det verste som kan skje, etter hennar meining, er at bygget blir ståande tomt og ubrukt.

– Og det nestverste er at Marlo skule blir selt og omgjort til kontorlokale eller liknande, for da blir jo all liv og røre borte. Eit anna argument for at vi ynskjer Marlo som eit kultursenter for heile bygda, er at vi – for å seia det rett ut - ikkje vil at alt skal leggjast til Bismo, seier Maurstad Tuko.

Ingrid Maurstad Tuko foreslår at Marlo skule skal bli eit kultursenter for heile bygda. Foto: Arkiv/ Vigdis Kroken