Frå 1. april blir Ottadalen ein del av Nord-Gudbrandsdal lensmannskontor. Lensmannen blir plassert på Otta, og kontoret i Lom får redusert opningstid.

Dette er eit resultat av politireforma.

Lensmannskontoret på Otta vil vere ope kvar dag, medan kontora i Lom og på Dombås vil få redusert opningstid.

Det var politikontakt i Vågå kommune, politibetjent Tor Trønnes som opplyste dette da han held ei orientering til medlemmane i politisk hovudutval tysdag.

Kontora i Lom og på Dombås vil vere open måndag, onsdag og fredag mellom 10 og 14.

I det nye lensmannsdristriktet skal det vere to politipatruljar på vakt. Desse skal dekkje dei to dalføra Ottadalen og Gudbrandsdalen. Det blir lange avstandar frå Otta til Grotli, Valdresflye, mot grensa til Møre og Romsdal, og grensa mot Trøndelag.

Erik Trønnes som i dag er regionlensmann, er einaste søkjar til stillinga som lensmann i nye Nord-Gudbrandsdalen lensmannskontor.

Når det gjeld passkiosken i Lom, blir det endringar også her.

Alle utlendingssaker som til nå har vore behandla lokalt, skal til Lillehammer etter den 1. april.

Når det gjeld vanlege norske pass, vil passkiosken i Lom stå til etter sommaren. Da vil den bli flytta til Otta.

Tor Trønnes som er politikontakt i Vågå kommune, orienterte politisk utval om endringane i politiet i Ottadalen. Her saman med utvalsleiar Harald Sve Bjørndal. Foto: Arve Danielsen