Det er Dag Aasheim og Atle Kjærvik som ynskjer å byggje eit fugletårn i Tesseosen med utsikt mot Lonin og våtmarkene.

Formålet med tårnet er å skape innsyn i eit artsrikt og spennande naturområde, og auke den allmenne interessa for, og kunnskap om fuglar og fugleliv.

Tesseosen er hekkeplass for ei rekkje fugleartar.

Dei søkjer om støtte frå Tessefondet for å byggje tårnet. Det er søkt på vegner av Norsk Ornitologisk Forening, og ein er i ferd med å danne ei lokalavdeling i Nord-Gudbrandsdalen.

Aasheim og Kjærvik skriv at prosjektet kan fullførast for 100.000 kroner, pluss dugnadsinnsats.

Initiativtakarane søkjer om 75.000 kroner i støtte frå Tessefondet.