– Om ikkje noko nytt skjer, er BlåhøOpp ein saga blott, skriv Magnar Bakke i Sjårdalen idrettslag på Facebook-sida til BlåhøOpp.

I alt ti gongar har idrettslaget stått for og gjennomført motbakkeløpet i Vågå. Under årsmøtet tysdag denne veka, tok Sjårdalen idrettslag det tunge valet: Dei avlyser årets BlåhøOpp.

– BlåhøOpp vert ikkje arrangert i 2018, og vert mest sannsynleg lagt ned for godt, skriv Magnar Bakke på Facebook.

Det har vore eit stort engasjement i idrettslaget for å få motbakkeløpet til å bli ein stor slagar, men dessverre har ikkje ambisjonane slått til.

– Trass iherdig marknadsføring av løpet og bygda, har det vore tungt å få opp deltakartalet. Det har også vore tungt å skaffe sponsorar, sjølv om vi er kjempeglade over dei som har støtta oss, seier Magnar Bakke.

Sjårdalen idrettslag ynskjer å takke dei som har stått på for å arrangere BlåhøOpp, likeeins alle som har delteke som trimmar, syklist eller løpar opp gjennom åra.