– Det er fantastiske tal for ein lokalbank, seier banksjef Unni Strand.

Ho fortel at banknæringa generelt har lagt bak seg eit godt økonomisk år. Når det gjeld Sparebank1 Lom og Skjåk spesielt, gjekk det aller meste på skinner i fjor.

– Vi har hatt låge tap dei siste åra. I fjor fekk vi eit tap på 4,4 millionar kroner, som eg meiner vi må rekne med. Som lokalbank tek vi gjerne på oss litt meir risiko enn det større aktørar nok hadde gjort, meiner banksjefen.

– Er det enormt høge overskotet eit resultat av at Sparebank 1 Lom og Skjåk flår eigne kundar?

– Absolutt ikkje. Det er gode tal, men det meiner eg vi må ha for å halde fram som ein lokal og sjølvstendig bank i åra framover. Da er det naudsynt å skape gode resultat slik at vi kan auke eigenkapitalen og sikre soliditeten. Overskotet set vi inn att i eigenkapitalen, som i sin tur vil bidra til nye satsingar i lokalsamfunnet. Eg vil gjerne påpeike at vi er konkurransedyktige. Det meiner eg veksten i kundemassen er eit prov på. I fjor fekk vi 1266 nye kundar. Det hadde vi sjølvsagt ikkje fått dersom vi ikkje hadde hatt gode vilkår for kundane våre, svarar banksjef Unni Strand.

Sparebank 1 Lom og Skjåk ynskjer å gje mykje attende. Talentstipendet vart innført i fjor. Nå har banken planar om å innføre to nye stipend: Eit gründerstipend og ein næringspris.

– Vi ynskjer å bruke delar av overskotet på ein positiv måte i lokalsamfunnet. Det er viktig å leggje til rette for gründarar i området vårt. Arbeidsplassar er alltid svært viktig. Vidare ynskjer vi å innføre ein næringspris, slik at vi også får moglegheit til å påskjønne eksisterande verksemder som gjer det bra, seier marknads- og kommunikasjonsansvarleg Kristin Nygård Lonbakken.

Sparebank1 Lom og Skjåk har 53 årsverk.