– Dette er noko eg har drøymt om i mange år, eigentleg heilt sidan eg var 15 år. Nå er eg i gang. Pensjonatet har to nyrenoverte enkeltrom og fire dobbeltrom. Vi har snekra, ordna og stått på i fleire månader. Endeleg er vi klare til å ta imot besøk. Eg vil ta imot gjestar av alle slag, ungdomar, eldre, einslege, familiar, nordmenn eller utlendingar. Her er alle velkomne, seier Rita Brekkum.

Totaloppleving

Å overnatte er berre ein liten del av konseptet. Rita Brekkum ynskjer å by gjestane ei totaloppleving. I dette ligg det blant anna god mat og flotte naturopplevingar.

– Eg ser på maten som svært viktig. All mat som blir servert skal vera økologisk, rein og stuttfrakta. Det er viktig med næringsrik mat, og dette med maten har eg òg vore opptatt av i mange år. Berre dei beste råvarene frå nærmiljøet vil vera godt nok og all mat skal vera gluten- og mjølkefri, så sant ikkje anna er bestilt.

Vil guide gjestane i fjellet

– Vidare tek eg sikte på å følgje gjestane på turar i Breheimen. Eg har lang erfaring som fjellguide og er utdanna breførar. Gjestane mine skal få dei turane dei vil ha, om det er toppturar eller heilt enkle rusleturar. Det er viktig å finne den opplevinga som passar kvar enkelt. Målet er rett og slett å gje folk ei oppleving dei aldri har fått før, noko dei vil hugse. Dette blir ikkje som å overnatte på eit hotell eller ei stor turisthytte, det blir meir roleg, meir heimekoseleg, på ein måte. Draumen min er at dei som kjem på besøk skal finne ro, at dei skal få kvile, få god mat, få fine naturopplevingar, bli kjend med andre og ha gode, fine samtalar, utdjupar ho.

Midt i smørauget

Brekkom i Bråtå er ein gamal gard frå 1800-talet. Garden ligg i Bråtå, midt i smørauget, kan ein seia – mellom nasjonalparkane Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen. Garden har tilhøyrt familien til Rita Brekkum i fire generasjonar.

Å opne fjellpensjonat har Rita Brekkum drøymt om nesten heile livet. Foto: Vigdis Kroken