Årsmeldinga til Vågå brannvesen viser at talet på brann- og redningsoppdrag i 2017 var på 61 oppdrag.

33 utrykkingar er utalarmert frå 110-sentralen og det er 28 oppdrag utanom dette.

Brannsjefen skriv at det ikkje har vore mange bygningsbrannar dei siste åra, noko som er gledeleg. I fjor var det tre brannar i bygningar.

Det var fem grasbrannar, men ingen skogbrannar. Det var heller ingen pipebrannar i 2017.

Det var åtte falske eller unødige alarmar. Dette var nesten ei halvering frå 2016.

Brannvesenet rykka ut til 13 tekniske alarmar i kommunale bygg, og var ute på 16 anna assistanse.

Ut over dette har det vore ein del utrykkingar til brannar som brannvesenet fekk rask kontroll over, og i fleire tilfelle forhindra ein spreiing av brann.

Talet på utrykkingar til trafikkulykker over dobla seg frå fem i 2016, til elleve i 2017.