– Mobiltelefonen er med overalt, det gjeld både ungdomar og oss vaksne. Somme gonger, i ungdomsklubben, kommuniserer ungdomane via mobilen, trass i at dei er i same rom. Kanskje sit dei til og med i same sofa, men det er ikkje alltid dei pratar eller ser på kvarandre. Dei brukar mobilen. Spelar. Chattar. Sender snapchat og anna. Eg tenkjer: Kva gjer det med oss? Korleis vil det sosiale samspelet og måten vi kommuniserer på utvikle seg? undrar Vole.

Konkurransen går ut på at alle ungdomsskuleelevar i Nord-Gudbrandsdalen skal vera utan mobil eit døgn. Poenget er å kjenne på om mobilen faktisk er noko ein er avhengig av.

– Konkurransen er sjølvsagt heilt friviljug, seier Jørgen Vole.

Reint praktisk skal elevane levere mobilen til læraren ved skuleslutt. Mobilen får dei ikkje att før dagen etter, når skuledagen er over.

Regionrådet for Nord-Gudbrandsdal har gjeve 5.000 kroner i pengepremiar.

– Har du fått attendemeldingar frå ungdomar om kva dei meiner om prosjektet?

– Ja, det har eg. Blant anna fekk eg spørsmål om det dette døgnet skulle arrangerast noko spesielt, som til dømes ein overnattingstur eller ein samankomst av eitt eller slag - «slik at vi har noko å finne på» - som ein av elevane uttrykte det. Der ser ein kor avhengige somme ungdomar er av mobilen. Andre elevar har fortalt at det er vanskeleg fordi dei er med i eitt eller anna som har med snapchat å gjera, at dei sankar poeng ved å sende snapchat kvart døgn. Dersom det går eit heilt døgn utan at dei har fått sendt noko, mistar dei alle poenga. Det er slik eg forstod det, i alle fall. Det er tydeleg at det kjennest vanskeleg for mange å vera utan mobil i 24 timar, men det er det som er poenget. At dei skal kjenne på det, utdjupar Jørgen Vole.

– Kva med deg sjølv?

– Eg er ikkje betre enn andre. Eg sit ofte med nasen i mobiltelefonen, til og med når eg er saman med ungane. Eg må skjerpe meg.