Førre veke var produksjonsselskapet Fabelaktiv i Skjåk. Fabelaktiv produserer tv-sendingane for Norsk Tipping på NRK.

I årevis har skjåkværen Arnt Aurmo gjort ein kjempejobb som handballtrenar, og etter å ha vorte tipsa om eldsjelen i Skjåk, bestemde Norsk Tipping og Fabelaktiv seg for at dei ville laga eit innslag med handballtrenaren.

– Vi vart med på ei handballtrening i Skjåkhallen, og opptaka gjekk svært bra. Vi har intervjua både Arnt sjølv, og fleire av spelarane på damelaget som han trenar. Spelarane hadde berre gode ord å seie om Aurmo som tydeleg er høgt verdsett, seier regissør Pål Bratås i Fabelaktiv, som var med da opptaka vart gjort tysdag i førre veke.

Regissøren fortel at det endelege resultatet blir eit tre minutt langt portrett av Arnt Aurmo, som skal på lufta under Extra-trekninga på NRK 1 tysdag 3. april.