Eg går og sleng gjennom gatene i Bodø. Det er myrkt, vind og snøfokk. Sjølv om det nesten er midt på dagen. Dette skal liksom vera ferie. Men, det er sjølvvald slik som så mange kalde turar før.

Kom med natt toget frå Otta. Kjempemessig måte å reise på. Reiser på kvelden, kryp inn i sovekupéen og vaknar 95 mil lenger nord. Ferdig utkvilt.

Ruslar innom kaia der båten ligg. En 50 fots seglbåt. Her skal det vera plass til ti personar i sju dagar. Litt skeptisk. Har fått beskjed om å pakke lett, og nå forstår eg kvifor. Lettare sagt enn gjort når utgangspunktet er 25 kilo med fotoutstyr.

Mats Grimsæth som er skipper for turen ynsker oss velkomen og sleng ut ein kommentar om at det er ikkje alle som har pakka like lett. Ein rask introduksjon i fortøying av båt og dei viktigaste tryggleiksreglane på seglbåten. «Pass deg for bommen og ikkje fall i sjøen». Redningsvest er obligatorisk heile tida.

Kursen blir sett nordover, mot øygruppa Steigen. Mann over bord-trening blir utført og vi tøffar 16 nautiske mil nordover.

Frukosten er klokka 7. Tydeligvis ikkje nokon kvileheim dette. Det er to av deltakarane som har ansvar for frukost, lunsj og middag. Matlaginga går på rundgang. Maten er forholdsvis enkel. Heldigvis for dei som må stå for matlaginga.

Nå er vi i gang. Vinden kjem skrått frå vest. Segla blir heist. Motoren stoppa og vi seglar i åtte knops fart nordover mot Vestfjorden. Det er heilt stilt. Berre litt blafring i segla og bølgeskvulp. Deilig. Passerer nokre opne parti og får kjenne på dønningane etter stormen som herja for to dagar sidan. Passerer øyer og skjer. Fugleliv er det også midt på vinteren. Skarven sit på svaberga og havørna lettar frå plassen sin. Ljoset er flott sjølv i mørketida. Mats som har vore nordpå sommar som vinter, skildrar årstida som «lyset årstid». Eg er nok einig.

Vi glir inn mot Nordskot og passerer katamaran til Børge Ousland som han kryssa nord-vestpassasjen med. Ousland har kjøpt ei av desse øyene. Her er det moglegheit for mange aktivitetar om sommaren. Nå er det nokså roleg.

Her held Mats fotokurs og viser mange av sine praktfulle bilde. Snakkar også om sine mange ekspedisjonar trass sin unge alder. Kvelden kjem og vi set kursen over Vestfjorden. Store dønningar kjem inn fjorden og det er fleire som slit med sjøsjuke. Underteikna er ikkje noko unntak. Når klokka passerer midnatt kjem vi inn Trollfjorden og ankrar opp for natta.

Trollfjorden er fantastisk med sine bratte fjell og rypeskratt på morgonen. Kamera går varmt for underteikna, medan andre tek seg eit bad i sjøen. På vegen ut dukkar sola opp nokre minutt før ho forsvinn og vi tek nordover. Nå er det slutt på moglegheita for å sjå sola.

Innanfor Andenes stoppar vi ved ei grunne som heiter «Torsken». Her blir snøre sleppt og vi dreg i land fem fine torskar på ti minutt. Grunna ber namnet sitt med rette.

Andenes er kjent for militærflyplassen. Mats, som har vore fotograf for forsvaret, har kontaktar og på ei av øktene sine legg eit Orion-fly kursen forbi seglbåten vår. Eit mektig brøl frå flymaskina når den passerer seglbåten. Svart røyk blir stygg kontrast til dei fine kvite fjella. Det blir nokre foto-shots av Orion-flyet med Lofoten i bakgrunnen.

Det bles opp. Segl blir heist, båten krengar og vi fossar nordover i 13 knops fart. Heilt rått. Nå er det verkeleg segling. Forstår at folk blir bitne av segl-basillen. Nesten som å sleppe seg ned ei fjellside på ski med flott puddersnø.

Kjem til Tromsø seint på kvelden. Bunkrar opp og tek natta i bruk for å finne kvalen. Kvalen har trekt lenger nord i år enn tidlegare år. Havet har vorte varmare for kvart år og dyra må lenger nord for å finne mat. Ei skremande utvikling som vi ser år for år.

Vi når Lyngen-området tidleg på morgonen. Kvalsafari-båtane er alt på plass og den kjende forskaren og fotografen Audun Rikardsen er på plass i gummibåten for merking av kvalane. Det blir ein fantastisk dag med spekkhoggar og bardekval rundt båten heile dagen. Lenger ute ligg fleire fiskebåtar. Her er det tydeligvis mat.

Kursen blir sett mot Tromsø att. Himmelen røder som han kun gjer nordpå. Nordljoset flakkar innimellom. Ljosskuet som vi har mot Tromsø vil nok ingen gløyme.

Da var det Tromsø att. Etter sju dagar på båt er det flott med ein dusj og pizza på Peppes. Turen var rik på dyreliv, artige segleopplevinga, men det er nok ljoset som fascinerer mest.

Eg gler meg alt til neste tur som er planlagt til sommaren. Da blir det segling rundt Spitsbergen.

Artikkelforfattaren fekk torsk på grunna Torsken. Foto: Mats Grimsæth/SeilNorge
Eit vanleg syn i nordnorske fjordar; havets store rovdyr - spekkhoggaren. Foto: Kjell Stålevik
Fantastisk fjord med blankt hav og bratte fjell. Foto: Kjell Stålevik
Innseglinga til Tromsø seint på kvelden. Foto: Kjell Stålevik