Under ei synfaring i Finndalen hausten 2016 kom representantar frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) med signal om at dei kunne bistå i planlegging av tiltak i Finna. Nå har NVE endra meining.

Ikkje prioritert

Distriktsingeniør Tore Leirvik i NVE skriv i ein epost til plan- og miljøvernrådgjevar Sander Sælthun i Lom kommune, at dei ikkje har midlar for å sjå på flaumtiltak i Finndalen.

NVE får årlege midlar over statsbudsjettet til sikring i og langs vassdrag.

– Pengane dekkjer ikkje alle behov for tiltak som er meldt inn. NVE må difor prioritere dei tiltaka som har høgast samfunnsmessig nytte i forhold til kostnaden, skriv Leirvik om grunnen til at NVE ikkje kan prioritere bistand til planlegging av flaumsikringstiltak i Finna.

Kritisk

Sander Sælthun seier at kommunen vil ta eit møte med vernestyresmakter og bruksrettslaget for å drøfte vegen vidare.

– Det mest kritiske punktet er vest for Sterringsbrua. Her grev elva seg inn og det har endra seg mykje dei siste åra. Nedstraums brua har elva byrja å ete av dyrka mark på ei av setrene, seier Sander Sælthun.

I følgje Sælthun må det skje noko på det mest kritiske punktet i år.

– Det endrar seg mykje. Det er greit å få planlagt og sjå på kva som må gjerast, seier han.

Finndalen bruksrettslag utarbeidde ein rapport om utbetringstiltak etter flaum i Finnavassdraget i 2015.

Utarbeide plan

– Det er dessverre for små løyvingar til å drive førebyggjande arbeid i eit klima som er i endring. Det er lettare å gje store erstatningar framfor å drive førebyggjane arbeid, seier Rolv Kristen Øygard i Finndalen bruksrettslag.

Han seier at dei ikkje kan gje seg, men håpe at løyvingane blir større slik at ein kjem opp på prioriteringslista.

– Det er ikkje tid til å vente. Ved neste flaum kan det skje større ting. Hadde vi hatt ein plan, kunne vi fått gjort mykje for nokre titals tusen kroner. Men vi må få fagfolk til å utarbeide ein godkjent plan, seier Øygard.

Finna grev seg innover mot vegen på vestsida av brua ved Sterringi. Foto: Arve Danielsen