Hedmark og Oppland er dei fylka i landet med dårlegast dekning av kjeveortopedar i forhold til befolkningstal. Nå kan «Finnmarksmodellen» løyse problemet i Nord-Gudbrandsdalen.

Bortimot 1.200 personar har signert underskriftsskampanjen der ein krev eit tilbod om kjeveortoped i Nord-Gudbrandsdalen.

Born og ungdom i regionen må reise til Lillehammer, Hamar og Gjøvik for å få tannregulering. Dette betyr fråver frå skulen ein heil dag kvar fjerde eller sjette veke i eitt til tre år. Det betyr mange timar med undervisning som går tapt. Og med foreldre som må ta seg frå frå arbeid, betyr dette tapt arbeidstid og inntekt.

Tysdag var vågåordførar og regionrådsleiar Iselin Jonassen i Oslo for å møte statssekretær Maria Jahrmann Bjerke i helse- og omsorgsepertementet for å drøfte problemet.

Med på møtet var ordførar Vidar Eltun frå Vang i Valdres og Anne Marte Kolbjørnsrud frå Oppland fylkeskommune.

– I møtet forklarte vi kor utfordrande det er for barn/unge og deira føresette å køyre mange mil for ei behandling på cirka 10 minutt. Departementet var positive til å finne ei løysing, seier Iselin Jonassen.

Regionrådsleiaren fortel at ein nå ser på «Finnmarksmodellen», der kjeveortopedar reiser ut i distrikta.

– Det vil nå frå departementet si side bli sett på om modellen i Finnmark, også kan kan brukast i Innlandet. Men det krev at det finst kjeveortopedar som kan tenkje seg å bidra i ei desentralisert løysing, seier Jonassen.

Ho fortel at fylkeskommunen nå skal fortsette dialogen med departementet, og kartleggje om det finst spesialistar som vil bli med på ordninga.

– Departementet var positiv til å finne ei løysing, seier Jonassen.

Ordføraren og regionrådsleiaren hadde med seg Ada Vaagaasar, ein samfunnsengasert ungdom som fekk følgje ei sak frå lokalt engasjement til departement og Storting.

Ada hadde også spurt klassekameratar som har tannregulering og foreldre om problemet med mangel på kjeveortoped i regionen. Ho tok opp dette med statssekretæren.

– Tøft gjort, seier regionrådsleiar Iselin Jonassen.