Tysdag kveld vart den komplette artistlista for Countryfestivalen i Skjåk kunngjort. Som vanleg ventar arrangørparet Lena Jenny og Geir Ove Melby fleire tusen personar til sommarens festival i Nordberg 28. juni - 1. juli.

I alt 14 band og artistar frå USA, England, Sverige og Noreg skal opptre på dei tre scenene på festivalområdet på Skjåkøygarden. Mange av artistane har spelt på festivalen tidlegare, medan andre er heilt nye i Skjåk.

– Som tidlegare år blir det festcountry, rockabilly, honkytonk, irsk og god tradisjonell country, seier countryarrangør Lena Jenny Melby.

Dette er årets artistar på Countryfestivalen i Skjåk:

• Jeff Bates (USA) • Jill King (USA) • «Hadacol Hotshots» (England) • Leif Ingdahl (Sverige) • «Sie Gubba» (Noreg) • «Rotlaus» (Noreg) • «Nashville» (Noreg) • «Hilljacks» (Noreg) • «Fat Fred & The Possumhunters (Noreg)• «Big-B» (Noreg) • Sivert Bjørdal (Noreg) • «Cornerboys» (Noreg) • Harald Thune (Noreg) • «Get Rhythm» (Noreg).

Nokre av artistane vart sleppt tidlegare i år, og da kunne arrangørane avsløre av det er «Rotlaus» som skal opne festivalen frå hovudscena torsdag kveld, og at «Sie Gubba» skal avslutte fredagskvelden.

Geir Ove og Lena Jenny Melby sleppte tysdag kveld årets countryartistar. 28. juni-1. juli er det som vanleg venta fleire tusen gjestar til Countryfestivalen i Skjåk. Foto: Tom Erik Solstad/ Arkiv
Jeff Bates frå USA kjem til Skjåk. Foto: Pressefoto