Stiftinga G-kultur vart oppretta i oktober i 2013 som vidareføring av Gudbrandsdalslaget i Oslo, som vart nedlagt på same tid. Føremålet med G-kultur er å gje økonomisk stønad til kulturaktivitetar og kulturverksemd knytt til Gudbrandsdalen.

Fristen for å søkje tilskot var 1. februar, og i år mottok Stiftinga G-kultur i alt 24 søknadar om prosjekttilskot. På styremøtet 15. februar vart det vedteke å gje tilskot til 13 prosjekt med eit samla beløp på 100.000 kroner.

Blant dei 13 prosjekta i Gudbrandsdalen som har fått tilskot, er 6 prosjekt i Ottadalen, som til saman får 47.000 kroner:

Diktardagar: 15.000 kroner til «Diktardagar» i Lom, Skjåk og Vågå

Lomsrussen: 7.000 kroner til russerevyen «Lomsrussen #tæmæ» i mars

Vågå Trekkspelklubb: 5.000 kroner til toradarkurs for nybyrjarar i alle aldrar

Mari Brenna: 5.000 kroner til «På scena i Utgard i Lundagrende», konsertar i 2018

Lom folkebibliotek: 10.000 kroner til «Klar ein klassikar», 25 beste norske 2013-2017, formidlingsprosjekt 2018

Vågå Husflidslag: 5.000 kroner til kurs for barn og unge i samband med «Håndverk+» i juni