Små og store i alle aldrar tok turen til skistadion i Botn i Skjåk aktivitetspark sundag. I ei årrekkje har skigruppa i Skjåk IL arrangert «Skisportens dag», og i år var ikkje noko unntak.

Det var skikkeleg OL-stemning på stadion der det fyrst vart arrangert 500 meter langrenn for dei yngste, og skicross for dei som var eldre. Dei to greinene hadde over 40 startande.

Etter at små og store kom seg i mål og fekk medalje og saft, vart det arrangert både hopprenn og «moro-stafett». I den uhøgtidelege stafetten fekk deltakarane på dei mange laga testa både individuelle ferdigheiter og samarbeidsemne.

I hoppbakken vart det utført luftige svev og mange gode hopp med flotte nedslag. Både det lengste hoppet og det beste fallet vart premiert.

Barnefamiliar og andre som var til stades kosa seg i strålande vêr i Botn under «Skisportens dag». Her var det ingen sure miner, men berre blide fjes å sjå.

Sjå bildeserie frå «Skisportens dag» øvst i saka.