– Billettane er lagt ut, og dei går unna som bollane på Bakeriet. Allereie er nesten 200 billettar selde, seier instruktør Endre Skjåk.

Om éin månad må årets russekull i Lom vera klare. Tysdag 20. mars har dei premiere på revyen «Lomsrussen #tæmæ» i kulturstugu i Utgard.

Revysjef Mari Eide Lindsheim fortel at folk kan vente seg mange artige sketsjar, song og musikk, og at revyen vil sparke litt både hit og dit, slik ein russerevy skal vera.

– Revyen vil ha mest humor, men vil også vise litt alvor, og at vi engasjerer oss for noko, seier revysjef Mari Eide Lindsheim og russepresident Mari Solbakken. Kaja Brustugun er også revysjef, men var ikkje til stades den dagen Fjuken var innom på ei øving denne veka.

27 elevar er med på scena i årets revy. Som vanleg blir det profesjonell revy i Lom, der russen sjølve skriv tekstane, dei har med seg det faste husbandet gjennom ti år, «Dei evige russ», den profesjonelle instruktøren Endre Skjåk, og eigne lyd- og ljosfolk. Elevar frå byggfag er med på å stelle til kulisser.

Revyen «Lomsrussen #tæmæ» baserer seg på dette med å bli kjendis.

– Nå prøvar alle å bli best. Det er liksom slik i dag at så lenge ein blir kjent, så kvittar det kva ein blir kjent for, seier revysjefen.

Ho gler seg til å vise fram resultatet i mars. Sjølv om mykje arbeid står att før russen er premiereklare, føler dei at dei ligg godt an.

– Ja, vi er vel eigentleg der vi brukar å vera på denne tida, konstaterer instruktør Endre Skjåk.

Han har vore instruktør og hatt regien for Lomsrussen sine revyar dei siste ti åra.

Det er lagt opp til fem framsyningar av «Lomsrussen #tæmæ» i Utgard. Premiera er altså tysdag 20. mars. Dei andre framsyningane blir torsdag 22. mars, fredag 23. mars og laurdag 24. mars, med to framsyningar laurdagen.

Billettane er som nemnd lagt ut for sal, og går unna som berre det. Vil du på årets russerevy, bør du få bestilt deg billett snarast!

Lomsrussen er i full gang med øvinga. Tysdag 20. mars er det premiere på årets russerevy. Foto: Tom Erik Solstad