Etter årevis med 60-sone på denne strekka kunne trafikantane førre veke observere at det hadde vorte innført 70-sone på rv15 frå Ottadalen Mølle og vestover forbi Nissegarden i Lom. Men; dette er feil!

– Ja, her har det rett og slett skjedd ein glipp, konstaterer seniorrådgjevar i Statens vegvesen, Jan Rune Vilhelmsen, fredag føremiddag.

Han var ikkje klar over at det hadde vore utført utskifting av skilt på denne strekka før Fjuken kontakta vegvesenet for å få skiltvedtaket.

– Eg må fyrst få takke for at de gjorde oss merksame på dette, for dette var vi ikkje klar over. Det er eg som sit med og jobbar med skiltplanen for den aktuelle strekka på riksveg 15, og denne planen er ikkje heilt ferdig. Så her har nok entreprenørane vore litt for ivrige i tenesta med bestilling og oppsetjing av skilt, seier Vilhelmsen.

Han seier at når skiltplanen etter kvart er klar, blir han sendt ut både til Lom kommune og til politiet på høyring. Dette er vanleg prosedyre i slike sakar der ein vil endre skiltinga.

– Etter at planen er sendt ut er det ein månads høyringsfrist, før ein eventuelt kan setja i gang med å skifte ut trafikkskilta, så det vil uansett vera 60-sone på den aktuelle strekka ei god stund til framover, seier Vilhelmsen i vegvesenet.

Seniorrådgjevaren fortel at nå som det har vorte gang- og sykkelveg på den aktuelle strekka, og mjuke og harde trafikantar såleis er skild frå kvarande, er det grunn til å tru at fartsgrensa blir sett oppatt til 70 kilometer i timen. Men dette er altså ikkje bestemt.

Jan Rune Vilhelmsen fortel at skiltplatene som viser 70-sone blir teke ned att, eller dekt til, med det aller fyrste.

– Når trafikantane kjem køyrande og ser eit 70-skilt, så reknar dei jo sjølvsagt med at fartsgrensa er 70, og det er berre å beklage denne skiltfeilen i Lom, avsluttar Jan Rune Vilhelmsen i Statens vegvesen.Allereie fredag ettermiddag var det 60-sone att frå Mølla og forbi Nissegarden.