«Eitt ’taa di verste skrio-aarom er vinter’n i 1868; de va ein stor snjog-vinter og fleire vinn-kulo saa uto-maata, at de gjekk paa ska’es med hus og hustak nogon kvar sta’n i dølabygdom. Den vinter’n henda de mange olykko i Lom og Skjaak. Nigar’ Sulem fór ille, stall’n, laaven og smaakrytyr-fjose ljøp av og mange ’taa krytyrom gjekk med; her umkomst ikje nogor menneskje men andre stelle gjekk de verre, for de gjekk med 10 menneskje i snjogskrio i Lom og Skjaak den vinter’n». (Ivar Kleiven, Lom og Skjaak)

Nigard Sulheim i Bøverdalen

På Nigard Sulheim fylgjer Lars Eivind med på snøen oppunder høa kvar dag. Han er sjølvsagt kjend med historia om skredet som tok bygningar, men heldigvis ikkje folk.

– Det var ein husmann inne på låven da skriu kom, men han klarte seg. «Her er eg!» ropte han da det kom til folk, fortel Lars Eivind.

Saman med kona Anne har Lars Eivind skrive gardshistoria til Nigard Sulheim, der blir denne skredhendinga skildra:

– «Gud trøyste meg for Flasja’» sa’n Rolv Sulheim da sjogskriu tok øvre del’n tå låven og ’n Rasmus Flaskom sat på låven og kasta (korn).

Sjølv om det ikkje gjekk liv tapt, var dei materielle skadane store, og brukaren på Sulheim heldt på å gå konkurs attpå denne hendinga. Det var ikkje noko som heitte naturskadeerstatning den gongen.

Skriu ned frå høa går årviss, og Sulheim meiner at den «vanlege» skriu ikkje utgjer noko fare for garden.

Ei hending for tre år sidan sette likevel ein støkk i honom.

– Vi er godt kjende med kvar det plar gå skred og held oss unna det aktuelle området til skredet har gått. Vi er ofte på trimturar oppe i lia, og barnebarna er gjerne med. I februar 2015 losna heile høsida og brotkanten var sikkert ein kilometer brei. Det meste gjekk på Sula, og gjekk elles det vanlege faret, men sanneleg hadde det ikkje også teke eit nyt far, lenger vest. Skogen låg knust til pinneved og skredet var seks meter høgt i nedkant. Her hadde vi vore med ungane berre dagar før ...

Sjølv om Sulheim har farta i fjellet, mellom anna som førar, i mange tiår, tør han på ingen måte garantere eller vera viss på dette med skred. Det som er sikkert er at ingenting er sikkert når det gjeld snø og skred.

Krækaroe i Skjåk

«I 1868 va dæ støste snogvintern folk kain tå seigja. Ei natt i februar kom dæ så mykjy snog på ein gong, at småe hus vart reint gjøymde. Dæ va kje framkjømt på lang ti ette di snogkaste. Såles’n for dæ ikje folk gjenom Breinn-gard’n på sjau viku dein gongen. Her i bygd’n tok skryu Krækaroe. Der budde ein mainn som heitte Eilev og mor hass, ho gamle Roynnåg, og så va dæ ei som heitte Brit Breiviken der. Desse tvau kvinnfolkje rauk mæ, men hain bergast». (O. Løkre, Lurtonø frå fjeille)

Kvinnene var den 86 år gamle enka Rønnaug Nilsdotter og 49 år gamle «pike» Brit Olsdotter.

Plassen Krækaroe låg innunder Tverrfjellet på baksida for Bismo i Skjåk. Ein annan husmannsplass vart kalla Dragroe. Plassane låg høvesvis under Skjåk og Nystugu.

Ivar Teigum fortel om ulykka slik han fekk ho fortalt frå foreldra sine og andre i grenda:

– Ellandgrove renn gjennom tunet i Øvre Roe. Husmannsbruket Øygarden ligg eit stykke nedanfor på vestsida. Der viser framleis hustuftene. Erik P. Skamsar (f. 1880) fortalde til Gregor Kummen tidleg på 1960-talet at medan han var gutunge, stod husa ennå på Øygarden, men var fråflytte. Gutungane skremde kvarandre med at på bordet inne i stua hadde dei lagt lika etter dei omkomne etter skredulykka tretti år tidlegare. Det hadde dei vaksne fortalt. Skredet kan vel ha kome nedover jordvegen på austsida av Ellandgrove.

Bakkejordet i Lom

Det er alment kjent at Knutstugugrove vest for Lom sentrum kan koma med skred ned brattsida av Lomseggen. I nyare tid er det sett opp varselljos for vegfarande etter riksveg 15.

8. februar 1868 dundra eit stort og øydeleggjande skred nedover bratta, men ikkje berre etter grovafaret. Skredet gjekk breitt og stort også lenger vest.

– Det blir fortalt at brukaren i Bakkejordet, Eilev, hadde vore på Otta med ein okse og at da han kom heim så fann han kona Marit og ungane Mari, Magnhild og Gunhild døde i den knuste stova, seier Marit Bakkom som saman med mannen Lars bur i Bakkejordet i dag.

Husa vart flytta nedom vegen og utanfor det ein meiner er faresona for nye skred.

– Vi fylgjer med oppunder fjellet, men er ikkje redde for skred, seier Marit.

Torestugu i Lom

Litt lenger aust låg Torestugu, ein husmannsplass under sygard Synstnes. Her buddde Tore Tordsson med kona Mari Syversdotter, fødd på Grev i Vågå, og ungane Tord, Karine, Ingrid og Syver.

Mor, far, Ingrid og Syver omkom alle i skredet. Dei to eldste ungane, Tord på 20 år og 16 år gamle Karine reiste frå bygda til ein onkel som hadde busett seg i Brønnnøy i Nordland.

13 i Stryn

Det same døgnet som ulykkene i Lom og Skjåk, kom eit skred i Sunndalen i Stryn som drap 13 menneske og 152 dyr på to gardar, og dette var berre starten på fleire veker med ulykker fram til den 26. februar.

Dei som omkom i Lom og Skjåk

Krækaroe

Husmannsenke Rønnaug Nilsdotter, 86 år

Pike Brit Olsdotter, 49 år

Bakkejordet

Marit Rolvsdotter, 35 år

Marit, 11 år

Magnhild, 4 år

Gunhild, 1 år

Torestugu

Tore Tordsson, 49 år

Mari Syversdotter, 46 år

Ingrid, 13 år

Syver, 11 år

Takk og kjelder

Ola Brenna

Anne og Lars Eivind Sulheim

Marit og Lars Bakkom

Ivar Teigum

Ivar Kleiven, Lom og Skjaak

O. Løkre, Lurtonø frå fjeille

Bygdabok for Lom

PS

Ein av dei omkomne i skredet i Oppdal, omtala i førre Fjuken, var den 45 år gamle Knut Skultbakken. Han var onkel til Knut Hamsun.

Delar av denne stugu skal koma frå stugu som vart teke av skredet. Foto: Hans Erik Kjosbakken
Dagstøtt fylgjer Lars Eivind Sulheim med på fonnene som byggjer seg opp på høa over garden. Kvart år går det skred, men for tre år sidan gjekk det eit stort skred som tok eit nytt far (til venstre under toppen) . Det syner kor farleg og uføreseieleg snøen kan vera. Foto: Hans Erik Kjosbakken
Katastrofen råka to familiar under fjellet i Vikedalom i Lom. Foto: Hans Erik Kjosbakken