48-åringen kjem frå jobben som informasjonskonsulent i Orkdal kommune der ho har jobba i ti år. Vibeke Oddvik har mediebakgrunn, og har mellom anna jobba som lokalavisjournalist i ti år. I slutten av april flyttar ho til Skjåk og startar opp i jobben som dagleg leiar i Ottadalsradioen. Ho tek over jobben etter Emil Rustad.

– Eg gler meg utruleg til å starte i jobben, og eg har mange tankar i hovudet, seier Vibeke Oddvik.

Ho vil bruke mykje av den fyrste tida til å setje seg inn i lokale forhold, og bli kjent med folk.

– Å drive ein radio for den øvste delen av Gudbrandsdalen, er noko heilt anna enn det eg har vore vand med som journalist i kyst-Noreg, sjølv om båe delar er innan mediebransjen, seier Oddvik.

Dama frå Trøndelag fortel at det var tilfeldigheiter som gjorde at ho nå hamnar i Ottadalen.

– Eg var så heldig at eg traff ein kjekk bonde frå Skjåk i fjor, og det vart full klaff med ein gong. Da denne jobben dukka opp, fann eg ut at eg skulle søke. Same dagen som eg takka ja til jobben i radioen, sa eg opp stillinga mi i Orkdal, og så fort eg er ferdig med siste arbeidsdagen der, tek eg med meg flyttelasset mitt til Skjåk, seier Vibeke Oddvik.

Jobben som dagleg leiar i Ottadalsradioen er ei fast deltidsstilling på 50 prosent. Styreleiar i radioen, Stein Arne Melby, fortel at det i tillegg til Vibeke sin søknad, kom inn éin søknad til.

– Eg kjem til å kombinere radiojobben med å vera bondekjerring i 50 prosent, fortel Vibeke Oddvik.

Den nye daglege leiaren for lokalradioen i Nord-Gudbrandsdalen fortel at ho i fyrste omgang tek sikte på å få til tre daglege føremiddagssendingar i veka på radioen, i tillegg til radiobingoen som sjølvsagt vil bli med vidare.

– Det blir jobba med å få til eit lite radiostudio i Skjåk, i tillegg til hovudstudioet i Vågå, slik at eg kan pendle litt mellom desse, for målet mitt er å vera ein del ute på farten der det skjer ting. Vera ute og treffe folk der folk er, og lage gode saker for radio. Ottadalsradioen er ein radiokanal som dekkjer alle seks kommunane i Nord-Gudbrandsdal, og da må det også vera aktuelt stoff frå alle seks kommunane, seier den nye radiodama frå Trøndelag, som snart blir skjåkvær på heiltid.